Jubileumstur til Botnahytta
Map Unavailable

06. okt
11:00


26.09.1944 naudlanda seks kanadiske flygarar på Haugland i Os. Dei vart berga av lokalbefolkninga, og låg m.a.i skjul i Botnahytta i Samnanger i ni dagar. Som ein del av 75-årsmarkeringa vert det turar til Botnahytta og «Little Canada» søndag 6. oktober 2019.
Det vert to alternative ruter opp til hytta. Den eine er den opphavlege fluktruta frå Øvredalen opp Baggjeskaret. Den andre går frå Rolvsvåg – og er mykje lettare.
Kl. 11.00: Øvredal til Botnahytta med Os Turlag, frå «klubbhuset».
Kl. 11.00: Rolvsvåg til Botnahytta med Samnanger Turlag, frå gamleskulen.
Ta med litt niste, drikke og gode fjellsko.
Retur til Øvredal og Rolvsvåg ca kl. 16.00.
Os Sogelag, Os kommune, Os Turlag og Samananger Turlag