Aktivitetstorg på Bjørkheim
Map Unavailable

31. aug
12:00 - 15:00


Laurdag 31. august kl. 12-15 inviterer 24 frivillige lag og organisasjonar alle innbyggjarane i Samnanger til aktivitetstorg utanfor biblioteket på Bjørkheim (Inne dersom vêret er dårleg).
Her kan du bli betre kjent med dei ulike laga, og kanskje får du lyst å bli med i eitt av dei?
* Utdeling av midlar frå Sparebanken Vest.
* Servering av vaflar og suppe m.m.
* Aktivitetar og konkurransar med fine premiar til born og vaksne.
Ta turen til Bjørkheim denne dagen og opplev det yrande organisasjonslivet i bygda di! 

Samnanger frivilligsentral